Dei siste åra har eg høyrt namnet Bjarte Leitehaug ofte nemnt i samband med song og musikk, men eg har ikkje hatt høve til å høyre denne musikken. No er eg nettopp heimkomen frå Brattvågen der barnekoret "Jubalo" har delteke på øvingshelg samen med Bjarte Leitehaug. (Mathumitha og Abilash syng i "Jubalo") Og eg er imponert over mannen, musikken og songgleda han får fram i barna.
Vi som har levd ei stund har ein tendens til å tru at alt var mykje betre før. Kanskje fordi vi veit for lite om kva som skjer no og mykje om det som skjedde før. Vi spør oss om borna lærer å synge idag. Og i så fall - kva syng dei? Lærer dei "Fager kveldsol smiler", "Jeg snører min sekk", "Blåmann, blåmann" og alle dei andre melodiane vi tenkjer på som songar?
Ungane som var samla til korsong i Brattvåg i dag, song om vennskap, om å vere glad i kvarandre og om å dele godene rettferdig. Fengjande rytmer og gode tekster med meining i! Ungane viste ei smittande songglede. (Vi voksne fekk synge det vi lærte på søndagsskulen - "Min båt er så liten, og havet så stort".)
Vi kjøpte CD og spelte den i bilen på veg heim. Det er ei god oppleving å ha tre songglade barn i baksete som uttrykkjer glede kvar gong det kjem ein song som dei kan, og gler seg over å kunne syngje med. Sjølvom dei kanskje ikkje får med seg innhaldet i alle orda, verkar det som om innhaldet i songane er noko ungane kan identfisere seg med i langt større grad enn med innhaldet om bukken Blåmann. Kva veit ungar flest om geitehald i dag? Dei lærer lite om kor viktig det er å passe på bukkar og geiter, men dei lærer mykje om kor viktig det er å vere gode vener i denne verda. Så var vel ikkje alt så mykje betre før - eller?