mandag 2. februar 2009

Kvifor skriv vi norsk og ikkje dansk?

På skulen må elevane lære kva som er grunnen til at vi skriv norsk idag. Dette synest mange er heilt unødvendig å vite. Dei får aldri bruk for denne kunnskapen, seier dei. Eg tenkjer at kanskje kan det å vite svaret på dette spørsmål vere avgjerande for å bli vinnaren i TP eller andre kunnskapsspel! Kva gjorde Ivar Aasen? Og kven var Knud Knudsen?

Eg lurer på kvifor elevane synest at akkurat dette er så unødvendig å vite. Språk er identitet og idag er det mykje snakk om identitet. Då skulle det vere interessant å vite grunnen til at vi skriv norsk og ikkje dansk. Eller er ikkje språket så viktig for identiteten vår? Kva er det då som er viktig for vår identitet?

1 kommentar:

  1. tja, i ungdomsskolen er det klart at du skal bruke spreke engelske(amerikanske) ord, som snowboard og basket, DJ(uttales di-djei!),og andre "kule" ord som me ellers har høvelege og dekkande ord for. På ungdomsskolene er det ikkje snakk om positiv og naturleg språksmitte/påveknad, men mer ein klar tendens blant de yngre. Allerede i den kulturfasen er det ein legitim tendens at ein kan skyve bort dei norske orda til fordel for framandlandske ord - berre fordi ein trur det gir høgare status og at det verkar betre/ har høgare kvalitetar....
    Eit tåpeleg døme på legaliseringa av dette er bruken av tilnamn i dei lokale kurvballklubbane( volleyball)her på Sunnmøre, som t.d. Ulstein Cannons ??? og
    .....Ålesund Sharks ??? hahahahaha!!!! Någe så dumt! og dette kommer fra voksne folk!! Det viser bare kor lett det er å gi slipp på eige kommunikasjons og kulturspråk.

    SvarSlett